mandag 25. oktober 2010

Vått og kaldt!


Det regne ute, det e vått og det e kaldt, det e haust og det e 2 månar igjen te første juledag. Forresten så skinne visst sola igjen akkurat nå, været veksle skikkelig i dag. Då e det godt å fyra i ovnen og kosa seg med ein kopp te og ei klementin:) I går hadde me ett flott haustvær, sola skein fra klar himmel, men det va kaldt, måtte skrapa bilen før me skulle i kirka. Om ittemiddagen kjørte Steinar og eg rundt med bøsser og samla inn penger te TVaksjonen som i år går te flyktninghjelpen. Etterpå va me i åttiårsdag, så dagen den va fullpakka. Såg på nettet i dag at de hadde fått inn øve 202 millioner når TV sendingen va slutt i går kveld, heilt utrulig, så flott at folk gir av sin overflod. Det pleie alltid å komma inn meir penger i dagane ittepå så det blir nok et betydelig høgare beløp vil eg tru.

Tia går veldig fort når eg sette meg ned ved pcen og leser diverse blogger. Strengt tatt skulle eg ha lest pensumstoff i stedet for, men det komme ittekvart det og. Har kjøpt meg ny pc, trenge det nå når eg ska skriva oppgaver og ha gruppearbeid på nettet, ikkje lika kjekt då å dela pc med min kjære mann. Nå kan me sitta på pcen samtidig om nødvendig, og eg kan jobba med oppgavene mine sjøl om han har pcen med seg på diverse kurser. Men det e ein del nye ting på denna maskinen som eg må finna ut av, har nå windows 7, og det e litt anderledes enn xp som eg e vant med fra før. Eg e ikkje den som har mest kunnskap når det gjelde data, men eg gjere så godt eg kan, og eg e ikkje redd for å spørre (hvis det e nåken hima som eg kan spørre då vel og merke) :) Bildeprogrammet e og anderledes, finne nok utav det og ittekvart (Irene kom å hjelp!!) Nei nå e det pensumbøkene som ska få min oppmerksomhet, ska bare rydda litt på kjøkkenet først.........

lørdag 23. oktober 2010

Smak av jul

I går kjøpte eg vinterens første klementiner, de såg så fristande ut. De smakte litt surt men va gode fordet. Rekne med de blir litt søtare når det nærme seg jul. Klementinene hørre jula te men eg synes ikkje det gjere nåke å kjøpa de allerede nå. Eg har til og med kjøpt pepperkaker. Men det va fordi klubbvenniners unger solgte de til inntekt for polenturen sin. Det va utrulig gode pepperkaker. Kunne jo ha venta te desember med å åpne boksen, men men, den blei åpna allerede samme kvelden som eg kjøpte de. Å eg måtte jo bare smake på ei, som fort blei te to, tre......hm.

fredag 22. oktober 2010

Ein gnom eller tre

Eg har nettopp strikka mine første gnomar. Dei blei ganske snåle synes eg. Her e de:) Får sjå om de kan finna seg ein plass å bu i huset her.




torsdag 21. oktober 2010

Vinterens første snø

Så kom den første snøen denna vinteren, strengt tatt e det vel ennå haust. Igår kveld kom det litt snø og når eg stod opp i dag va det kommet ein del meir. Akkurat nå snøa det, men ifølge yr ska det regna i dag så snøen går vel snart øve te regn. Måtte ut å ta bilder med ein gang eg stod opp, mens det ennå va snø ute. Lønna har enda ikkje sleppt alle bladene, nå dette de av med snø på. Rosene under hekken ser ut som de fryse og det gjere eplene på epletrærne også. Har ikkje tatt de inn ennå, kansje på tide nå:) Det e fint med snø, men det e kaldt. Fyre i ovnen heile dagen, godt me har masse ved.









onsdag 20. oktober 2010

Tysværhigren

Det satt to higrer på løetaket her ein dag.

søndag 17. oktober 2010

Bekken bruser

I dag va det rim på marka og bilane va kvite av frost når eg stod opp. Vinteren nærma seg med raske skritt. Godt me har hatt nåken flotte dagar med sol og fin temperatur midt på dagen den sista tiå, det gjere at hausten ikkje blir så lang. Eg har ikkje fått nyta dessa flotte dagane denne veka for eg har sittet inne og jobba med oppgaven som eg har innleveringsfrist på i mårå. Fekk ikkje kommet skikkelig i gang med den før denne veka, det blei så møkje anna som opptok tankane. Men nå e oppgava ferdig og den blei levert i føremiddag. Så nå har eg ei og ei halv veka med fri før neste samling på skulen og neste oppgave skal jobbes med. Då e det sekvfølgelig meldt styggt vær, ja.ja, ska nok kose meg eg for det:)

Det blei grilling i dag, siste innspurt med sommarmat. Va litt for kaldt å sitta ute å eta så maten hadde me innendørs. Koselig med grilling men nå e det nok slutt for i år:) Synnøve har hatt haustferie denne veka. men nå e ferien slutt og hu reise tebake te Bildøy i kveld. Haustferieveka har gått utrulig fort, hu har jobba ein del og eg har sittet med oppgaven ein god del. Men me har nå fått kost oss litt samen og.

Første veka i oktober regna det skikkelig, har tidligere lagt ut bilder av båten ved brygga. Nå e båten i vinteropplag, så nå trenge me ikkje være på vakt med været og høy vannstand her ved brygga. Samme dag som været va så ekstremt, va eg ute å fotograferte bekken som renne nede med veien her. Det va usedvanlig møkje vatn i bekken den dagane, sjelden å sjå bekken så stor. Her e nåken av bildene som eg tok.





torsdag 14. oktober 2010

Sølvbryllupsfeiring

Lørdag 9. oktober feira me sølvbryllupet vårt sammen med familien. Me hadde ein flott kveld med god mat og godt selskap. Bordpynten har eg laga sjøl, tok nye stenglar av lønn som gjekk godt å bøya som eg bøyde til hjerter. Pynta de med eføy når eg skulle bruka de, blei ganske fornøyd med resultatet. Konglene fant eg på ei øy når me va på båttur i fjord sommar.












Me slapper litt av i sofaen når gjestene er gått him, før kvelden er heilt omme.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...