mandag 28. februar 2011

Helg

Siste dag av februar, kor i alle dager blei den måneden av? Februar e så kort at den e nesten øve før den starta. Har rett og slett vært vårlig her i dag, med sol og fint vær. Det har stort sett vært ei rolige helg. Synnøve e kommen him på vinterferie så nå e det meir liv i huset. På lørdag måtte eg kjøra Steinar ein tur på legevakta itte at han hadde fått ett kutt i håve. Det gjekk heldigvis bra, såret blei limt i sammen og så måtte han kvila resten av dagen. Akkurat det va ikkje så gale siden det e VM på TVen.

Sist søndag va me ute og brant bål og koste oss sammen med ein av dei me e tante og onkel te. Det va veldig kjekt sjøl om den litle karen synes møkje va "kummelt". Steinar laga pil og bue te han og drog han på akebrett på isen. Jarle hadde og ein runde med han på akebrettet på isen. Me prøvde pila og buen alle samen, eg klarte te å med å stamme buen så møkje at den knakk på midten. Så då va det bare å surre meir hyssing rundt så blei buen så god som ny igjen:) Me grilla også pølser på bålet. Her e nåken av bildene eg tok den dagen.






torsdag 24. februar 2011

Ingentig e som gode ullsokkar

Eg har strikka sokkar te meg sjøl av garnet som eg vant. De e ferdige og allerede tatt i bruk, det e godt med ullsokkar når det e kaldt. I dag vokna eg te snø ute, men den ska vist ikkje ligga så lenge. Allerede i kveld ska det regna og for sikkerhetsskuld blåsa storm igjen. Ja ja, det hørre vel vinteren te. Snart mars og vår:))


Då får eg ut og sopa bilen fri for snø så eg komme meg te Aksdal, skal være litt politiker i dag:) E ikkje så ofta det skjer.

tirsdag 22. februar 2011

Vedhoggst på Kvinnesland

På lørdag va det vehoggst på Kvinnesland. Været va flott med strålande sol og nesten ikkje vind. Morgenen starta med 10 minusgrader men det kom seg etterkvart som sola kom opp. Nåken i fra kvar familie stillte opp og det blei saga ned ein god del tre. Nåken styrte motorsaga, nåken rydda greiner, nåken kjørte kubbaen opp te fjosen, nåken trilla kubbane inn i fjosen og nåken kløyvde veden inne i fjosen. Skikkelig godt samarbeid med andre ord. Eg gjekk rundt med fotoapparatet og fekk dokumentert det mesta som skjedde. Vinsjen kom og i bruk utpå ittemiddagen da det va nåken tre som stod litt for nærme huset og garasjen, greit å styra kor de sko detta. Det blei gjort et kjempeflott arbeid, nå e det ved nok te neste vinter og hos mor og far. Det einaste som står igjen e å få kjøyva resten av kubbane som ikkje blei tatt på lørdag. Rekne med det blitr ein dag med dugnad te det og. Her e nåken av bildene eg tok av arbeidsgjengen.













søndag 20. februar 2011

Nydelig søndagsvær


Formen e på topp igjen og den første delen av oppgaven e levert. Ute e det strålande sol og kaldt. Isen har begynt å legga seg utpå fjorden, mon tru om den blir så tjukk at det går an å gå utpå ittekvart. Det e nåken år siden sist. Ser ut som det e heilt vindstillt og, ein flotte søndag. I dag blir det nok ein tur ut i det finaværet.

I går va store deler av familien på vedhogst på Kvinnesland i det fina været. Eg va fotograf siden eg ikkje kan være med på vedhoggsten. Kjekt når me klare å samla så mange te dugnad. Bilder fra vedhogsten kommer seinare, i dag vise eg bildene eg tok i bekken på Kvinnesland, reine kunstverket når vatn og kuldegrader får fritt spillerom.





fredag 18. februar 2011

Febersjuk og oppgaveskriving

Å være febersjuk og skrive oppgave er ingen god kombinasjon. Eg har hatt ein del vondt i tennene siden jul, har egentlig hatt ein god del problemer med betennelser innimellom tannrøttene dei siste åra. Tirsdagskvelden va det blitt skikkelig gale så onsdagsmorgenen måtte eg ringa tannlegen. Fekk time litt seinare på dagen. I mellomtiden va det å skriva på oppgaven, den første delen ska leverast på mandag så eg trenge tia.

Dommen hos tannlegen va at eg måtte trekka ein jeksel, det  va så kraftig betennelse der at tanna blei pressa utover. Når han endelig fekk stoppa blødningen kjørte eg him med beskjed om ikkje å eta, drikka eller skylla munnen på 2 timar. Det blei to lange timar for eg hadde utrulig vondt i håve og i munnen itte kvart som bedøvelsen forsvant. Eg va rett og slett ikkje i form så det blei ikkje middag på oss den ittemiddagen kan du sei. Utøve ittemiddagen fekk eg feber, satt rett ved siden av ovnen og fraus som bare det. Når eg endelig kunne ta tabletter la eg meg på sofaen under ei god dyne. Feberen gjekk ned men eg va ikkje i form. Feberen kom tebake om natta og heile torsdagen va eg rett og slett så dårlig at eg låg på sofaen under dyna og sov stort sett heile dagen. Så nåke oppgaveskriving har det ikkje blitt nei. I dag e feberen vekke men eg kjenne eg e ikkje heilt på topp, men får forsøka å skriva litt. Har nåken dagar igjen te mandag men dei rekne eg med går fort.

Nøstene eg mangla på jakka mi kom i posten i går. Eg fekk ikkje same partinummeret så då komme eg te å strikke kanten langs jakka med dei to siste nøstene, da e det ikkje så farlig om fargen ikkje stemme 100%. Men det får bli te neste veka. Nå ska eg forsøka å skriva litt på oppgaven min. Ha ein fortsatt god fredag:)

tirsdag 15. februar 2011

Hyttetur

I helga va me så heldige å bli invitert med te Vågsli på hyttetur. På vei opp te fjells blei me ståande ca ein halv time i Røldal å vente på at veien sko åpnast igjen øve Haukelifjell, da hadde veien vært stengt i 4 timar. Etter ein halvtime kunne me kjøre videre, da va det fri ferdsel øve fjellet.

Me hadde ei flotte helg på hytta, nydelig solskinn og lite vind på den sia av fjellet. Men det va ganske kaldt på nasen så det va nødvendig å kle seg godt. Da alle de andre va i skibakken og skiløypene koste eg og Steinar oss på hytta, me har ikkje helsa te å renna på ski. Steinar tok snøfresaren fatt og fekk rydda terrassen rein for snø, så kunne me sitte i sola å kose oss. Om kvelden va det god mat og kos med kortspel.

Søndag va det på tide å kjøra him igjen, og det va kollonnekjøring øve Haukelifjell. På Vågsli skein sola og det va så vidt litt vind men når me kom te vestsiå av fjellet blåste det stikker å strå. Egentlig ganske fasinerande koss været kan være så forskjellig i fra den eine enden te den andre av tunnellen. Me stod i ein og ein halv time å venta i tunnellen før me kom med i ein kollonne. Resten av reisefølget måtte venta ein og ein halv time lenger enn oss for dei kom ikkje med i den kollonnen som me kom med i. Te tider såg me ikkje blinklysene på bilen rett forran oss så det va basje øve fjellet. Me va letta når me kom te Røldal og det va fri ferdsel him. Tusen takk for turen Jorunn Synnøve og Lars Reidar:)








fredag 11. februar 2011

Helgefred.

Så va det igjen helg, huset e vaska og sola skinner. Me har det godt.Litt kald vind, men godt og varmt framfor ovnen i stova. Me e kommet te midten av februar, våren e rett rundt hjørna. Ser fram te at det igjen ska bli grønt rundt oss, igjen ta turer ut på sjøen med båten eller å sitte på brygga å kose oss. Imens får me fyra i ovnen og kosa oss inne.

På søndag e det morsdag og i den forbinnelsen vil eg bare gi deg ein herlige historie som eg fekk på mail i dag. - så til alle fantastiske mammaer;


Jeg var ute og gikk med min 4 år gamle datter. Hun plukket opp noe opp fra bakken og puttet det i munnen.
Jeg tok det fra henne og sa til henne at det fikk hun ikke lov til. Hvorfor det?, spurte hun
Fordi den har ligget på bakken og du vet ikke hvor den har vært, den er skitten og kan være full av bakterier, svarte jeg.
Da ser hun opp på meg og sier full av beundring. Mamma, hvordan vet du alt dette ??
Jeg var nødt til å tenke raskt.
"Alle mammaer vet sånt, det er en del av mammatesten. Det er sånne ting vi må vite ellers blir vi ikke mammaer".
Vi gikk videre en stund og min datter var stille i 2 - 3 minutter før hun plutselig utbrøt;
Nå forstår jeg!!. Hvis man IKKE klarer testen - da blir man pappa !!!!
Akkurat, svarte jeg.

GOD MORSDAG :)

onsdag 9. februar 2011

Vinnerlykke

I det sista har eg hatt skikkelig vinnerlykke, eg som ikkje pleie å vinna nåke som helst. I begynnelsen på januar fekk eg ein koselige melding fra Lissie med bloggen Lissie design, at eg hadde vunnet parfymen hu hadde som gevinst på bloggen sin. Parfymen hette Angel og lukter nydelig. Flasken står i et flott stativ som pynter godt opp. Eg har vært på jakt itte ein parfyme som lukta godt på meg og hadde ikkje funnet den rette enda. Når eg prøvde denna parfymen falt eg pladask for den, så nå rekne eg med at eg har funnet parfymen min.Tusen takk for gaven Lissie.

I slutten av januar fekk eg ein ny koselig melding om at eg hadde vunnet, da va det Vibbedille med bloggen Tante er fortsatt GAL som hadde lodda ut garnnøster. Eg strikka nettopp sokkar te meg sjøl, men dei blei for romslige så dei gav eg vekk. Hadde tenkt å kjøpa nytt garn te å strikka nye sokkar av (då i ein størrelse som passe, eg har visst ikkje så stor fot som eg trudde) Nå fekk eg nøster i posten som eg kan strikka sokker av, tusen takk te deg Vibbedille.


Mens vinnerlykka ennå virka vant eg konkurransen i formiddagslokalen på radioen (NrK Rogaland) i begynnelsen av februar. Då vant eg ein paraply. Flotte gevinster som komme godt med. Tenk at eg sko ha sånn ei vinnerlykka:)

mandag 7. februar 2011

Der va det slutt på garnet gitt......

Sitte å strikka på ei jakka te meg sjøl, har kjøpt garnet på nettet hos Pinsvin Design. Garnet kjøpte eg i januar. Nå har eg ein halv arm igjen og halve vrangborden rundt kanten framme, og så e det slutt på garnet. Håplaust, har sendt melding te Pinsvin Design med spørsmål om det e mulig å få kjøpt flerne nøster fra samme fargeparti, så nå e eg veldig spent på svaret.

Veldig dårlig beregning av garnmengde i oppskrifta, eg har til og med korta inn lengden med 5 cm. Dumt viss eg ikkje får samme partinr. på dei nøstene eg mangle, fargen kan variera veldig på forskjellige partier. Det har eg erfart før. Det e minuset med å kjøpa på nettet istedet for i ein butikk i nærheten, men detta garnet har de ikkje her så da va alternativet å kjøpa på nettet. Eg får strikka sokkar mens eg vente, fekk nettopp flott sokkagarn i posten:)


søndag 6. februar 2011

Regnbuen


I går ittemiddag stod det ein flott renbue på himmelen. Sola skein i vest og det regna i aust, resultatet av det blir det ein flott regnbue. Da eg va liten trudde me at det fantes ei gryte med gullpenger i enden av regnbuen, så det va alltid spennande å finna enden. Me kom jo aldri te enden av regnbuen for den flytta på seg ittekvart som me sprang mot der me trudde den enda.

For nåken år siden hadde eg ein flott regnbue opplevelse. Eg og Synnøve va ute å kjørte og det regna skikkelig. Så kom sola fram og me fekk sjå regnbuen, og tru det eller ei men regnbuen enda på panseret på bilen. Der stod den ei lang stund mens me kjørte. Så gullskatten i enden på regnbuen den dagen rekna eg med va mi kjære Synnøve.

lørdag 5. februar 2011

Grå lørdag


Nå e vel vinteren her meir gjenkjennelig, regn og sludd e vel meir vanlig på dessa kantar enn snø som ligge øve lang tid. Været e så ufyselig at det ikkje frista å gå ut, så eg stakk bare kamera ut terrassedøra og tok nåken bilder i dag. Nå e det viss gått øve te å snøa ute. Det e ekstremt store snøfiller som lave ned, trur ikkje eg har sitt så store snøfiller før, flerne cm i diameter.

Vind har me og hatt rikeslig av, i går va det nærmare storm, og sjøl om det e forholsvis stilt nå e det venta meir sterk vind utøve dagen og kvelden. Eg e glad eg ikke sko øve fjorden denna helga, i går tok ferja 2 timar istedet for 25 minutter øve fjorden. Den kunne ikkje gå inn te Mortavika som vanlig, men måtte gå te Mekjarvik. På radioen hørre eg også at de har satt inn buss nordøve, det e så store bølger øve sletta at hurtigbåten ikkje går.



I følge yr ska sola skinne i ittemiddag, kansje eg får meg ein liten tur ut da. Nå e det tid for å koke grøt, så får me sjå koss resten av dagen blir. Ha ein fortsatt fin lørdag:)

torsdag 3. februar 2011

Fotokurs

I går kveld va eg på fotokurs hos Meling Media, kurset va kjempebra. Eg har hatt speilreflekskamera i 1 1/2 år, men å sette seg inn i alle innstillingane på kamera e ikkje heilt enkelt. Kurset i går gjekk ut på å lære de forskjellige innstillingane. Så nå blir det nok litt flerne innstillingar enn auto som skal brukast i fotograferingen. Her e nåken bilder som e tatt med forskjellige innstillinger, det første e tatt med kamera innstilt på auto.




Forskjellen blir ganske stor, så nå e det bare te å prøva seg fram på forskjellige fotomotiv. Skulle hatt et skikkelig stativ ittekvart, ser at det e vanskelig å holde fotoapparatet i ro når eg ska ta bilder. På auto går det veldig bra, men når eg har kameraet på andre innstillinger e det vanskeligare å få klare bilder når eg holde kamera i hånden. Dessa bildene e tatt når kamera ligge på bordet.

Detta kurset va eg så heldig å få gavekort på te jul, så nå får eg ønska meg gavekort på fase 2 kurset te bursdagen:)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...