torsdag 30. september 2010

Ny ovn

Når me pussa opp stova i vinter ville me også skifta ut ovnen. Siden me måtte sette røykrøyr i pipa ville me venta med å skifte ut ovnen te det blei gjort. Ovnen blei kjøpt inn i slutten av mai, men muraren som me leigte inn te jobben med pipa kunne ikkje komma før i slutten av august. Den gamle ovnen var oppbrukt så det va på tide å skifta. Nå e pipa ordna og ny ovn e montert. Har begynt å fyra i den også.


Den gamle ovnen e tatt vekk, røyren inn te pipa står for langt nede på veggen og passe ikke te den nye ovnen. Så det må lagast nytt hol og detta holet må murast igjen. Muraren gjorde ein flott jobb, nå kan me ikkje sjå kor den gamle røyren stod tidligare

Den nye ovnen e på plass og me har begynt å fyra i den.

onsdag 29. september 2010

Tusen takk!

Når eg kom ned på kjøkkenet i går morges stod denne flotte buketten på kjøkkenøya. 25 røde roser fra min kjære mann te meg på sølvbryllupsdagen. Tusen tusen takk kjære mannen min:)

tirsdag 28. september 2010

Sølvbryllup og bursdag

I dag e det 25 år siden me gifta oss, tenk det. Tiå har jammen meg gått fort. Me har hatt 25 gode år samen og opplevd møkje på dessa årå. 3 flotta ungar og ein kjekke svigersønn har me fått. Eg føler meg veldig rik:) Ja det e nåken år siden desse bildene blei tatt, og eg huske dagen godt ennå, ein flott bryllupsdag hadde me. Vielsen va i Tysvær kyrkje og festen etterpå hadde me på Stegaberg klubbhus. Det va sol og flott temperatur denna dagen, ser ut som me får strålande sol i dag og. Når eg stod opp i dag va det is på bilen og rim på graset, rekne med det blir fin temperatur når sola kommer opp. Så været blir nok lika fint i dag som 28. september 1985 :)



Det e ikkje bare bryllupsdag i dag, det e også bursdag. Min kjære mann fyller år, min handyman, kjæreste og beste venn. Gratulera så masse med 47 årsdagen og sølvbryllupsdagen Steinar. E veldig glad i deg :) Har laga kaka te deg, e litt mi og siden me har sølvbryllup i dag ;)

mandag 27. september 2010

Årets siste båttur?

Denne helga har vært flott og me har vært ute med båten. Me for utpå lørdag føremiddag for eg var så seint hima på fredag. Kom ikkje him før kvart øve sju, då blei det mørkt før me ville kommt oss utpå. Men lørdag morgen va me klare og me innviterte med oss Birgitte og Martin på tur. Sola skein og det va ikkje så møkje vind. Turen denna helga gjekk te Skrabbavikå inne i Hervikfjorden. Der har me ikkje vært innom før, flott havn med god plass i te båtane på flytebrygga. Kaffikos og kaka på brygga da me kom fram og ein liten tur for å sjå oss litt rundt etterpå. God mat og kortspel om kvelden. Det blei to rundar med agrevation på oss før me gjekk te ro. Satt på flybrigden både bort og him, når været e så flott må me nyta det :) Ei flotte helg og kjekt med gjester i båten :)



lørdag 25. september 2010

På tur i skogen

Tirsdag va det et nydelig vær, sola skein og det va ingen vind, så da smurte eg nista og gjekk ein tur i skogen. Det e flott å gå i skogen, det e så stillt, bare fuglesangen som e i bakgrunen. Det fauk to ravner øve meg også. Godt å setta seg ned og bare nyte naturen rundt meg. Lunch i skogkanten e flott, hadde med matpakke og ein liten termos med te. Men koppen da, kor e den? Hima på kjøkkenbenken! Det e ikkje spesielt godt å drikke te rett av termosen!! Så teen fekk venta te eg kom him igjen.

Det e møkje flott å sjå i skogen, naturen har mange former og fasonger. Eg såg også møkje sopp, e ingen soppekspert men den røde fluesoppen kjenne eg igjen, og av den fant eg flerne flotte eksemplarer. Stien va nåken plasser dekka av kongler, og nåken plasser va der så møkje greiner der stien gjekk at det va vanskelig å komma fram. I dei seinare år e det sauene som har oprettholdt stiane å dei e ikkje så høge at de holde greinene vekke. Eg e ikkje så liten som sauene så eg måtte brøyta meg igjønå, men det gjekk greit. Fotoapparatet va selvfølgelig med på tur og eg tok mange bilder.



































fredag 24. september 2010

På skulebenken igjen.

Fekk ein kjekke telefon på tirsdag, da ringte de fra Diakonhjemmet høyskole i Sandnes og sa at det va ein ledige plass på videreutdanninga Universell utforming, om eg ville ha plassen? Og det ville eg selvfølgelig :) Når begynne det? Det begynne på onsdag 22. september (me va då på tirsdag 21. sept.) Så nå har eg vært på skulen i to dagar og ska snart av gårde te Sandnes i dag og. Tar ferja kl 7, da komme eg ned te kl halv 9.

Denne utdanninga hadde eg søkt på men siden eg stod på venteliste og ikkje hørte nåke meir fra de trudde eg at detta toget va gått, så det va veldig kjekt å få den telefonen på tirsdag. Fekk ikkje forberedt meg så godt men det går bra. Den første modulen nå i haust ska me ha 3 samlingar på 7 dagar te samen (3+2+2 dagar) Så blir det gruppearbeid og mappeoppgaver mellom samlingane. Det er 3 modular te samen så då e eg ferdig neste jul :) Nå må eg kjøra :)

tirsdag 21. september 2010

Nytt postkassestativ

I sommar laga Steinar nytt postkassestativ, det e heilt himalaga og ser ut som det e kjøpt. Godt å ha ein handyman i hus, han har idear om det mesta som kan lagast og gjere det sjøl. Det blei mala rødt og fekk et skilt som det står Høyvik på. Nå e det lettare å sjå kor avkjørsla vår e for de som ikkje e kjent.

mandag 20. september 2010

Regn




                                                     Regn


                                             En er en, og to er to -
                                                vi hopper i vand,
                                                  vi triller i sand.
                                                       Zik zak,
                                               vi drypper på tag,
                                                       tik tak,
                                               det regner i dag.
                                            Regn, regn, regn, regn
                                                   øsende regn,
                                                  pøsende regn,
                                             regn, regn, regn, regn,
                                                    deilig og vådt
                                                    deilig og rådt!
                                                En er en, og to er to -
                                                   vi hopper i vand,
vi triller i sand.

Sigbjørn Obstfelder


lørdag 18. september 2010

Morsom test

Lure du på om du e blitt ei kjerring, ta denne testen og sjå :) Eg tok testen og fekk beskjed om at eg e ikkje blitt kjerring :)


fredag 17. september 2010

Haustmorgen

Det regne og det regne, møkje på ein gang. Heilt utrulige mengder som komme ned. Men for å sjå positivt på det så blir det vel rimelig pris på strømmen te vinteren, for eg kan ikkje sjå anna enn at vannmagasinene må fylles godt opp nå om dagane. Det e regnklær og støvlar som duge best i slikt vær, finnes ikkje dårlig vær bare dårlige klær sies det. Så det e bare å kle på seg regnklærne og støvlane å ut i regnet, friskt og godt!

I dag morges braut sola plutselig igjennom skyene, det va et flott syn da sola skein gjennom trærne utenfor stovevinduene. Godt å få litt solgløtt av og te mellom regnbygene :)

torsdag 16. september 2010

Første hausttegn

Enten me vil eller ei så må me bare innsjå at sommaren definnitivt e øve og hausten e her. De første hausttegna e å sjå ute, bladene begynne å skifte farge. Eg synes hausten kan være ei fin tid den også, når sola skinner og lufta er skarp e det ganske flott ute. Men me må rekne med vind og regn på denna tiå, å det har me fått i rikt monn de siste dagane. Til og med hagl, det blei kvitt på marka tirsdag kveld her.

Va ute å fanga litt hausttegn med fotoapparatet når sola va framme her ein dag. Både blader med haustfargar, sopp, lyng og nøtter.

















tirsdag 14. september 2010

Mmmmm, bær e godt:)

Litt bær igjen ennå, men nå e det stort sett slutt på bærsesongen. Bjørnebær og blåbær e godt, tyttebær e eg ikkje så glad i men de e flotte å sjå på.








mandag 13. september 2010

Morgenstund har gull i munn

Det e et godt ordtak synes eg. I dag morges når eg såg ut av vinduet va det morgentåke utøve fjorden, et flott syn. Eg gjekk ikkje ut før tåka va forsvunnet, men tok med meg fotoapparatet og gjekk ned te sjøen.  Det va heilt stillt rundt meg, ikkje et vindpust og ikkje nåke bråk, bare stillhet. Tåka hadde lagt igjen dugg på planter og gras, når eg gjekk gjennom graset blei det spor i duggen etter føttene mine. Ein flott morgen. Eg fant også litt blåbær på vei ned mot sjøen. Tenkte eg sko klara å plukka nok te dessert i dag men eg fant ikkje så møkje, bare litt som eg åt sjøl. E nok litt seint for blåbær nå.

Det e meldt regn og vind utøve dagen så det va godt å komma seg ut mens det enda va sol og heilt stille. Når eg va på vei inn igjen begynte det så vidt å blåsa litt og skyene komme litt etter litt så det e vel ikkje så lenge te det regner igjen. Eg hadde iallefall ein flott time ute mens det va så fint og stillt:) Her e nåken av bildene eg tok i dag morges der eg har prøvd å fange morgenduggen og morgenstillheten.













Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...