fredag 14. januar 2011
Småfuglene koser seg
Neket som blei satt opp te jul blir flittig besøkt av småfuglane. Det blir ein del frø som faller ned i snøen, dei blir og ete av fuglane. Det e stort sett kjøttmeiser som e på besøk i neket og meisebollene. Skjæra følge med på avstand, hu e for stor te å eta her, og godt e det. Hu e så frekke atte. Sette eg matrester ut te kattane så e hu der med ein gong og ete, kattane e redde for na så hu får som regel eta maten i fred. Rota å grise gjere hu og. Nei, takka meg te småfuglane, dei laga ikkje så møkje rot og søl.
Nå e det mildvær igjen, snøen smelte og veien e igjen dekka med klinkis. I helga e det meldt om tildels store nedbørsmengder, her ute ved kysten vil det sei regn. Si det e tela i jorden og frøsne avløpsrøyr e det meldt at det kan bli flom. E ikkje så redd for det her, huset står på ein haug og sjøen e rett nedforbi, det kan i tilfelle bli litt flom på ekra der bekken renne forbi. Men nåken fare for vatn i kjellaren e heller liten:) Får håpa at regnet fjerne isen på veien og i tunet her iallefall. Ha ein fortsatt fin fredagskveld:)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar