Så va det slutt på sommaren for detta året. I kveld e det haust ute med regn og blåst, me har rett og slett fyrt i ovnen.
Det har vært stillt på bloggen min i sommar, eg har rett og slett hatt datafri. Eg har vært møkje ute og kost meg. Ferien tilbrakte me i båten, og me hadde ein flotte ferie. Me gjekk stort sett rundt omkring i Sunnhordland og litt i Ryfylke. Møkje sol og litt regn, nesten ikkje vind, hærlig :) Me låg i ro med båten i flerne dagar på kvar plass, og så brukte me gummibåten og kjørte rund omkring med. Så me har kost oss skikkelig på båtferien vår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar