tirsdag 17. november 2009

Stakkars pusen min

 På søndag såg me at Sjur hadde ein vond fot. Den høyre bakfoten hans var hovnet opp til dobbel størrelse og han haltet. Me ville vente til mandag med å ringe dyrlegen men mandag fant eg han ikkje. Gjekk og lette flerne ganger utover dagen uten resultat.

Han dukka opp igjen i dag føremiddag, så i dag har Sjur vært hos dyrlegen.  Det kom puss ut av såret i dag og han hadde feber. Han hadde fått et stikksår under labben. Dyrlegen hadde salve på ein kompress som blei lagt på såret og foten blei bandasjert godt, og så fekk han ei sprøyte med penicilin. Eg fekk med ein resept på antibiotika.


Labben er godt bandasjert.


Ser ikkje heilt fornøyd ut.


Prøver å trå forsiktig på foten men det gjør vondt så han velger å gå på 3 bein enda.


Prøver å bite av bandasjen men får det ikkje til.


Nå har han sovna oppi kleskorga. Her er det trygt å godt å ligge.


Antibiotikaen som han ska ta i 10 dagar, morgen og kveld.

Var veldig spent på koss det sko gå å få i han tablettane, det gjekk veldig bra. La tabletten på tunga og han svelgte den. Det stod at de var smakstilsatt så det skulle gå greit å innta for hund og katt.

Har ikkje hevelsen gått ned til torsdag må han ut til dyrlegen igjen og få tatt røntgen av foten. Så eg håper han er bedre til da så me sleppe det.

1 kommentar:

Frk. Høyvik sa...

Stakkar Sjur! Men eg tippe han får den beste pleie han kan få, så han har det vel ganske greit og;)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...